Menu
Olympic Shipping har skrive kontrakt med Myklebust Verft om levering av ein MT 6009 L offshorebåt. Levering vert i September 2011.
Olympic Shipping har skrive kontrakt med Myklebust Verft, eit verft i Kleven Maritime konsernet om levering av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6009 L. Fartøyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken. Leveringsdato er sett til september 2011. Årsaka til den raske leveringa er at ein nyttar eit MT skrog som allereie er ferdig, og som ligg klart til utrusting.