Menu
Marin Teknikk er svært stolt over MT1217 Frøyanes, det nye flaggskipet i flåten til Ervik Havfiske. Etter vel 12 dagars segling frå verftet Tersan i Tyrkia ankom Frøyanes Måløy for mobilisering for krabbefiske. I løpet av nokre hektiske dagar ved kai stemna den vidare til fiske i dei nordlege områda i Barentshavet.
Båten er designa i tett samarbeid med reiar, og det har vore lagt stor vekt på praktiske og funksjonelle løysingar knytta mot arbeidsoppgåvene til fartøyet. Etter at krabbesesongen tek slutt i starten av mai vil båten bli rigga om til reketråling, dette og i Barentshavet.
MT1217 Frøyanes er verdas fyrste av sitt slag, eit nytt innovativt kombinert fiske- og fangstfartøy for trål og krabbefiske med moonpool. Måten dette er arrangert på vil gje ein mykje meir skånsom fangst og tryggare arbeidsplass for fiskarane. Det nye fartøyet vil bidra til ein meir bærekraftig fangstmetode og bedre reproduksjon for krabba, sidan hokrabba blir mindre påvirka av fiskeriet, og dermed ein mindre belastning og påkjenning på krabbebestanden enn idag.
Båten er arrangert med trippel trål-system og ikkje minst ein ny vinsje- og «hale»-løysning for krabbe, samt nyutvikla fabrikkar med produksjonsanlegg for både reke og krabbe. MT1217 Frøyanes er utrusta med ein eigen fabrikk for koking, frysing og pakking av fangsten, klart for salg i butikk. Fartøyet får og eit eige forsknings-laboratorium for forskning på snøkrabbe og andre marine artar.
Marin Teknikk ynskjer fartøy og mannskap lykke til.