Menu
Nye tilsette på plass i Marin Teknikk for å styrke leiinga og møte auka aktivitet i marknaden.
Aadne Sandanger er tilsett som ny Chief Financial Officer i selskapet frå februar 2024. Sandanger kjem frå Sparebanken Møre og har lang erfaring frå banksektoren. Som autorisert finansiell rådgjevar kan Aadne vise til ei brei erfaring frå ulike økonomiske og finansielle fagområder.
Peter Husøy er tilsett som Manager – Machinery & Piping frå januar 2024. Husøy har lang erfaring frå ulike selskap og rederi som DnV, Kleven, Myklebust, Sanco Shipping og Sjøfartsdirektoratet.
Marin Teknikk er svært glade for å kunne ynskje dei velkomne og ser fram til å dra nytte av deira erfaringar frå ulike verksemder og den maritime industrien.